Lindås Helsestasjon

Velkommen til oss, du finn oss i 2.etasje i Senterbygget, vis á vis lege/tannlegekontor

Helsestasjonen er ein møtestad for foreldre og barn. Her kan du dele erfaringar med andre, snakke med fagfolk om ting du er opptatt av som for eksempel, barn si utvikling, barneoppdraging, kosthald, søvn, familiesituasjonen, helse og trivnad.

Helsestasjonen sitt formål er å fremje barn si fysiske, psykiske og sosiale helse og førebyggje sjukdom. Dette vert gjort gjennom helseundersøkingar og vaksinasjonar, program for helseopplysning, veiledning av foreldre, barn og ungdom og tverrfagleg samarbeid. Tilbodet omfattar familiar med barn i alder 0-20 år.

Helsestasjonen har tilbod om:

Lindås helsestasjon er stengt mandag, torsdag og fredag. Om ein treng kontakt med helsestasjonen desse dagane kan ein ringe Knarvik helsestasjon tlf 56 37 50 74 eller sende e-post til: lindas.helsestasjon@lindas.kommune.no

 

Tysdag: Helsesykepleier, helsestasjonslege og jordmor

Onsdag: Helsesykepleier

 

Jordmor: Randi Hammer Boge

Helsesjukepleiar: Sigrunn Valle Feste og Margrethe Sivertsen

Telefon

56 37 51 24

E-post

lindas.helsestasjon@lindas.kommune.no