Tanita Hårstudio

Bestill frisørtime hos Tanita’s med eigen app!

Gjennom timebestillingssystemet fixit, kan du no bestille time hos Tanita’s Frisør i Lindås senter på din eigen mobiltelefon.

fixit-app_in_hand_fb

Dei som er godt over snitttet interessert i norsk sykkelsport, kjenner godt til at det før fjorårssesongen blei etablert eit nytt profesjonelt sykkellag med base i Bergen – noko som i seg sjølv var spesielt sidan det er 7-8 år sidan sist då sykkelbrødrene Bøe, dreiv eit av landets beste lag med Sparebanken Vest som hovudsponsor.

Men, i fjor dukka altså Team FixIT.no opp som ei spanande nyheit med fleire ryttarar som hadde tilknytning til Bergen og omegn, den mest kjente var Stian Remme som forøvrig la opp etter fjorårssesongen.

Ofte er det store aktørar som står bak desse profesjonelle sykkellaga som held til i sykkelsportens 3.divisjon internasjonalt, og fixit var nok i så måte ikkje blant dei mest kjende nasjonale firma som ein skulle tru ville satsa så sterkt på sykkel som dei gjorde.

Timebestilling via app

Men, kva er det så FixIT driv med? Kort fortalt er dette ei tjeneste som forenklar timebestilling hos din frisør eller velværesalong, og kan gjerast på nett eller via din mobiltelefon.  Mange brukar i dag mobiltelefonen til å surfa på nett, skaffa seg informasjon , betale rekningar, bestille reiser – eller no, også gjennom ein eigen app som lar deg bestilla time hos frisørar eller velværebutikkar som har kjøpt seg inn i dette konseptet. Kvar dag benyttar 1200 salonger seg av FixITs sine tenester og løysingar, står det på Odin Systemer sine nettsider som er dei som har utvikla tilbodet.

Tanita’s Frisør i Lindås senter er no blant dei som er tilknytta fixit!  Har du ein iPhone eller Android telefon, søkjer du berre etter fixit på app-søk for din telefon, deretter laster du ned programmet på telefonen din. App’en lar deg bestille time kor du måtte befinna deg og når som helst du måtte ønskje det!  Verda går framover, og dette er så absolutt ei teneste som er nyttig for mange!

Her er symbolet på app’en du skal sjå etter:

Les meir om fixit her

 

 

Tanita-logo-frg-lres

Opningstider

Mandag: 09.00 – 17.00
Tirsdag, onsdag og torsdag:
09.00 – 19.00
Fredag: 09.00 – 18.00
Laurdag: 09.00 – 15.00

Telefon
56 36 03 10

E-post
tanitaharstudio@gmail.com

Facebook
Besøk oss på Facebook