04. aug 2015 Kiwi utvidar butikken

Kiwi starter ombygging av butikken og planlegg nyopning 6.mai!

Denne våren skjer den fleire endringar i Lindås Senter. Først og fremst er det Kiwi som skal byggja om heile butikken og dette arbeidet starter i neste veke. I første omgang vil ombygginga ikkje påvirka driften i butikken, men det vil nok vera litt støy under arbeidet som foregår frå 13.april og fram til nyopning.

Stengt 2, 4 og 5.mai

Laurdag 2. Mai stenger imidlertid butikken kl.19 og vil då også vera stengt mandag 4. mai og tirsdag 5. mai.  «NYE» Kiwi opnar så onsdag 6.mai kl. 07.00!

MollyMe flyttar

I løpet av våren og forsommaren vil også MollyMe flytta butikken og overta lokala etter Gaveriet – som har lagt ned drifta av butikken. MollyMe har hatt ein litt anonym plassering på torget men vil no få ein av senterets mest sentrale plassering, like ved Kiwi og oppgangen til blant anna lege, tannlege og helsestasjon.

Minibanken flytta

Etter at Sparebanken Vest la ned kontoret på Lindås, har ein også frykta at minibanken ville lida same skjebne. Vi er glade for å kunna sei at at så ikkje skjer. Ei endring blir det rett nok og det er at minibanken er flytta til sørsida av Rema-bygget, men for folk flest skulle ikkje dette ha den store betydningen.

Tilbake