06. nov 2017 Damenes aften blei ein ny suksess

 

Rundt 300 frammøte fekk ein triveleg kveld på torget i Lindås senter siste torsdagen i oktober. Arrangementet opna klokka 17 der inviterte firmaer eller private fekk profilera seg med ulike produkter.  Vi hadde kjøpt inn to store kaker frå Rognaldsen, vakkert pynta og at dei også var smakfulle var lett å sjå på aktiviteten rundt serveringsbordet.  Mama Rosa stilte også med pizza og saman med servering av kaffi, såg det ut til at folk storkoste seg.

 

I år starta vi kvelden med eit innlegg av kreftkoordinator Anne-Britt Hauge som snakka om kreft og tilbud til dei som hadde fått kreft. Deretter fekk vi sjå eit nytt og friskt innslag av senteret sine sprekaste damer, Nr 1 Fitness.  Deretter var det klart for moteshowet der flotte modeller viste fram det senteret har å by på innan bekledning.

 

Årets «Bli ny» vinnar blei denne gongen Jorunn Bendiksen som fekk oppleva å bli oppgradert frå topp til tå, alt saman gjort her i senteret. Kvelden blei avslutta med trekning av diverse premiar, og når butikkane også hadde langope til kl. 21, blei det god tid til å ta litt for seg av dei mange gode tilbuda som var å finna!

 

 

Tilbake