30. okt 2018 Hyggjeleg «Damenes Aften» med rekordframmøte

Takk til deltakarar og publikum som var med og gjorde «Damenes aften 2018» på Lindås senter til ein flott opplevelse! Mellom 300 og 400 deltok på årets arrangement, og det er bedre oppslutning enn det har vore på fleire år.

 

Det blei ein litt haustkald kveld på torget som ikkje er bygd som eit «innerom».  I år var det nemleg litt kjølegare enn vanleg på denne tida men værgudane er det dessverre lite me kan gjera noko med.  Folk såg likevel ut til å kosa seg, 340 «goodiebags» blei delt ut og det er betydeleg meir enn kva det til eksempel var i fjor.  Tusen takk for frammøte, dette var inspirerande for oss alle!

Tilbake