12. feb 2018 Mange er fornøgd med kundeservicen i senteret!

 

Vi har no avslutta kundeundersøkinga som vi har hatt gåande i nesten heile januar måned.  Vi fekk inn mange svar, omtrent det same som i 2014 då vi hadde ein liknande undersøking, noko vi er veldig godt nøgde med!

 

Denne kundeundersøkinga fastslår at veldig mange er fornøgd med kundeservicen i senteret.  Nesten halvparten at dei spurte meiner at vår sterkaste side er «service».  Over 30% meiner også at «trivselen» er ein god faktor for oss. På den andre sida meiner nesten 70% at senteret har eit dårleg utvalg, ikkje så unaturleg sidan vi har ein del lokaler som står tomme. Då er det meir positivt at 90% meiner vi har eit middels eller godt daglegvaretilbod og i tillegg seier 5 av 10 at dei handler det meste i Lindås senter.

 

På vårt spørsmål om kva ein savner i Lindås senter peikar Apotek seg heilt klart ut der heile 7 av 10 meiner dette er det største savnet.  Kafé var ein klar nummer to og deretter savner folk betre utvalg av klær og sko i tilegg til bokhandel og sport.  Vi kunne også registrera at heile 42% gjerne kunne tenkt seg eit vinmonopol på Lindås. Kundeundersøkinga er presentert for dei nye eigarane og det er ting som kan tyda på at noko er på gang med å forbetra tilboda i senteret.

Vi har trekt ut fire vinnarar av gåvekort som er trekt ut blant dei som har deltatt i kundeundersøkinga (deltakarane har levert svar anonymt, men har vore med i trekninga gjennom eigne lister).

 

  1. premie, gåvekort på kr. 1.000,- hjå Trend:  Cathrine Leganger
  2. premie, gåvekort på kr. 500,- hjå Bandabutikken: Randi Gundersen
  3. premie, gåvekort på kr. 250,- hjå Nille: Janette Gullanger
  4. premie, gåvekort på kr. 250,- hjå Nille: Grete Sætre

 

Vinnarane kan henvenda seg til aktuell butikk og få eit gåvekort, eller ta ut premien i ei aktuell vare.  Til alle andre:  Tusen takk for deltakinga!

 

 

 

Tilbake