24. sep 2018 Klar for «Baklukesalg» laurdag 29.september!

Laurdagens «Baklukesalg» ser ut til å bli ein suksess! Over 30 personer med sine bilar – forhåpentlegvis fulle av lopper (bilane altså…), er påmeldt!

Siste frist for påmelding går ut torsdag 27.9! Blir det fullt på torget får desse plass utandørs! Foreløpig ser det slik ut på planen for «bilstands» på torget (sjå bildet).

 

OBS! Det blir kafé/kiosk i gamle Molly Me sine lokaler. Vel møtt til deltakarar og publikum! Baklukesalget går frå kl. 10.00 til kl. 15.00, dette kan bli knallgøy!

 

Parkering for handlande eller publikum skjer på vanlege plasser.  Området mellom brannstasjon og gamle Sparebanken Vest, kan bli begrensa dersom dei siste påmeldte til baklukesalget ikkje får plass inne på torget!

 

Velkommen!

 

 

Tilbake