02. mai 2019 Triveleg Vårslepp med god deltakelse på Mininiar’n!

Laurdagens Vårslepp på torget i Lindås senter hadde rundt 20 stands med ulike tilbod. Som vanleg er ikkje lindåsingane tidleg «påan» når dei besøkjer senteret på slike dager, og det blei vel ikkje heilt fart i sakene, bokstavleg talt, før borna kom og skulle springa Mininiar’n. Deltakelsen der var også i år svært bra og nesten 100 born i alderen under 12 år sprang den 800 meter lange løypa som hadde start og målgang på torget. Etterpå var det sjølvsagt medalje til alle og kanskje det viktigaste for dei fleste, trekning av fine hovudpremiar. Som vanleg var det trimgruppa i Lindås IL som stod for arrangementet, og som vanleg hadde dei god kontroll på det heile!

 

 

Vårsleppet held fram til 14.30 og det var kjekt å sjå eit torg med yrande liv og røre. Slik skulle me gjerne hatt det oftare, men det rår me nok ikkje heilt over. Nordhordland Brettspelklubb var også i år på plass med stand og kunne opplysa at dei hadde stor respons frå borna.

Nye medlemmer fekk dei også og dagen blei veldig bra, kunne dei fortelja. I etterkant fekk vi også tilbakemeldingar frå andre som hadde vore godt fornøgd med dagen utan at vi dermed veit om dette også var tilfellet for alle. Vi kjem forøvrig til å sjå litt på dette konseptet, om vi bør gjera endringar og spissa arrangementet mot eit spesielt tema.  Slik formatet er no blir det kanskje mykje «hummar og kanari» – sjølv om det sikkert også kan vera kjekt for nokon at arrangementet favner vidt.

 

Neste arrangement i senteret er «Pensjonistane sin aktivitetsdag» som i år arrangeres laurdag 11.mai.  Deretter står sykkelrittet «Minitour» på programmet, dette skjer laurdag 25.mai.

Sjekk våre arrangement på vår facebookside:

https://www.facebook.com/pg/lindaassenter/events/?ref=page_internal

Tilbake