29. apr 2018 Mininiar’n er fortsatt gøy for dei minste!

 

Mininiar’n har vore arrangert sidan midten på 1990-talet og Lindås senter har derfor lang tradisjon med dette arrangementet som alltid har vore gjort i samarbeid med Lindås idrettslag.  Laurdag 28.april var det klart for nok ei utgåve og over 80 born opp til 12 år, gjennomførte «vårens vakraste eventyr» i ei 800 meter lang løype.

 Alle som deltok fekk medaljer og saft etter det – som for dei aller, aller fleste, blei ein «heseblesande» tur rundt nærområdet i senteret. Endå meir populært var nok premiebordet der mange heldige etter tur og orden fekk velja ut sin favoritt.

 

Takk til Trimgruppa i LIL for nok eit vellukka arrangement!

 

 

Litt tamt Vårslepp?

I år som i fjor var «Vårsleppet» arrangert samtidig som Mininiar’n der over 20 utstillarar med både private aktører og bedrifter, viste fram kva dei hadde å tilby.  Dette var litt mindre enn i fjor og betydelig færre enn året før, men om dette er ein trend og korleis vi skal «håndtera» det i så fall, gjenstår å finna ut av.  Dei som var tilstades hadde i alle fall nokre hyggjelege timar på torget, nokre var fornøgde med dagen, andre hadde nok forventa meir.  I tillegg hadde vi i år eindel avbestillingar frå standdeltakarar, så samla sett kan ikkje vi vera heilt nøgd med dagen – sjølv om enkelte butikkar rapporterer om bra omsetning denne siste laurdagen i april.

 

Tilbake