28. mai 2018 MiniTouren på sykkel i knallvær!

Laurdag 26.mai blei den 6. utgåva av MiniTour på sykkel arrangert – og som vanleg får vi sei, med sol og blå himmel!  Så varmt som det var laurdag, har vi vel ikkje hatt det tidlegare, men det såg ikkje ut til å vera eit problem for nokon av dei nesten 90 som starta.  MiniTouren er blitt ein tradisjon i Lindås senter og vi er svært glade for å ha eit godt samarbeid med sykkelgruppa i Lindås IL som nok ein gong leverte eit skadefritt sykkelritt.  Det siste er ikkje heilt sjølvsagt for det er ikkje til å stikka under ein stol at det ikkje skal mykje til før ein kan få velt og skrubbsår når så mange skal sykla samen. Sjølv om det var litt færre deltakarar enn i fjor, hadde dei som var det ei hyggjeleg stund, spesielt hyggjeleg var det nok også for dei tre som vann hovudpremien, kvar sin splitter nye sykkel!

 

Takk til alle som deltok og takk til sykkelgruppa for vel gjennomført arrangement!

 

(Klikk på bildet for stort format).

 

 

 

Tilbake