25. nov 2017 Mykje folk på julegateopninga!

 

 

Fredag 24.november kunne vi nok ein gong ønskja velkommen til den tradisjonelle julegateopninga i Lindås senter.  Programmmet var som vanleg med innslag frå lokale lag som lagde ei flott ramme rundt arrangementet.  I år var det også svært mange som hadde funne veien til senteret, grovt rekna  med smått og stort var det mellom 400 og 500 personer til stades!

 

Som tidlegare år stilte også elevar ved Lindås ungdomsskule på stand med sine elevbedrifter og når nissen også la turen innom med sine snopeposar til dei minste, var alt akkurat slik det skal vera nøyaktig éin månad før julaften!

 

      

Tilbake