31. okt 2016 Nesten 100 deltakere på Håndballens dag i Lindås senter!

Laurdag arrangerte håndballgruppa i Lindås IL «Håndballens dag» i senteret si storstove, Lindåstorget. Bakgrunnen for arrangementet var at håndballjenter i LIndås IL født i 2002/2001 har planlagt ein tur til Barcelona cup neste år. Ein slik tur kostar sjølvsagt nokre kroner og laurdagens arrangement ga kjærkomne kroner i reisekassen.

 

– Nesten 100 deltakarar var på plass, litt færre enn ein hadde håpa på, fortel Terje Pedersen som var ansvarlig for opplegget.

 

29-10-2016-ha%cc%8andballens-dag-2

– Tilbakemeldinger fra var positive, vi hadde fått tak flotte premier og det blei satt pris på. I kiosken var det god respons,  organisasjonsmessig var vi godt dimensjonert og kunne håndtert mykje meir, seier Terje som legg til at dei totalt sett er godt fornøgd.

Tilbake