11. okt 2016 Suksess for Lindåstalenter

Det var med ein viss spenning vi såg fram til den første utgåva av Lindåstalenter sist laurdag.  Det er aldri godt å vita på førehand om dette ville slå an for vi har prøvd ulike tema tidlegare som har gitt blanda suksess.

 

Men då dagen endeleg kom, hadde vi 12 påmeldte deltakarar med totalt rundt 20 personar som skulle visa deira talent.  Og det starta flott med Hannah, Tina og Ifrika(7-10 år) som song ein vakker visesong med bestefar Normann Spurkeland som akkompagnerte på gitar. Deretter fekk dei frammøtte høyra kveldens mest rocka presentasjon der Chris Robin Schot håndterte sin elgitar som ein proff.  18-åringen hausta mange lovord frå dommarpanelet der Astrid Aarhus Byrknes bekledde rolla som hovuddommar. Og det skulle visa seg å bli vanskeleg å tukta 18-åringen sjølv om det også var veldig bra nivå på mange av dei som var i aksjon etterpå. Chris Robin vant nemleg dommarprisen og kunne motta ein sjekk på 5.000 kroner.

 

Det var ellers mange unge deltakarar som viste seg fram, noko som fortel at det ikkje er berre fotball som ungdommen bryr seg om.  10-åringen Sander Petersen Syslak håndterte pianoet med stødige fingrar, vi fekk også høyra 15-åringen Goda Levickaite som imponerte med den legendariske Whitney Houston låta, I Will Always Love You. Veldig bra var også den framføringa som 13-åringen Safia Marian Faarah gjorde og så må vi også nemna kveldens «grand old man», Nicolay Leganger (57) som framførte ein av sine eigne viser. Sistnevnte er forøvrig også formann i Strilen Artist og Viseklubb og representerte med det også sponsoren av Publikumsprisen!

 

Men, det var ikkje berre sang og musikk som stod på tapetet denne laurdagen, ikkje minst var det flott å sjå 13/14-åringane Edvard Gjerstad og Marie Ødegård som ga ein oppvisning i Cha cha cha og Jive i beste «Skal vi danse»-stil, vi fekk sjå 9-åringar frå Lindås IL si håndballgruppe som hadde miksa til eit allsidig nummer og Joar Hauge Spjeldnes som håndterte xylophonen med trygge hender.  Publikumsprisen gjekk likevel til ein «nabo» av senteret, Hanne Haugen Greve som framførte Pink Panter på basstrombone og sikra seg med det flest stemmer frå publikum!

 

 

Tilbake