01. okt 2018 Takk for deltakelse på baklukesalget!

Laurdag arrangerte vi for første gong «Baklukesalg» på Lindås senter. Det var knytt litt spenning til dette i forkant, ville vi få nok påmeldingar, ville folk koma til denne varianten av eit vanleg loppemarked?  Vi hadde rundt 40 påmeldingar totalt, men ein del fråfall undervegs gjorde at det til slutt blei 30 påmeldte som stilte opp med med sine bilar, meir eller mindre fullasta med lopper!

 

Dette synes vi var fantastisk bra og nesten heile torget var fylt opp når alle var på plass, så den biten er vi veldig fornøgd med og inspirerer til gjentakelse.  For, vi trur at denne type arrangement kan bli eit fast innslag i åra framover.  Vi kunne sikkert arrangert dette fleire gonger årleg, men det som er heilt sikkert er at vi kjem til å prøva oss igjen neste år!

 

Været denne laurdagen blei som varsla, vått og kjølig men inne på torget hadde alle det tørt og godt!  Nettopp på slike dager kjem det store torget til sin rett, vi skulle gjerne hatt det slik kvar dag (!) for det er ikkje tvil om at senteret blir forvandla når ein ser det vrimlar av aktivitet på torget. Vi hadde denne dagen også tatt i bruk eitt av butikklokala som har stått tomt til kafé og kiosksalg, noko som mange sette stor pris på.

 

Tusen takk til alle som deltok, vi skal gjera ein evaluering i nærmaste framtid men fekk nokre signal om at mange syns dette var gøy.  Nokre var også godt fornøgd med salget, sjølv om det nok kunne sjå ut som om det er ein del å gå på når det gjeld besøkjande.   Det kan det vera fleire grunnar til, været til dømes og det faktum at det nesten er umuleg å arrangera noko som helst utan at det kolliderer med eitt eller anna i distriktet vårt.  Vi er uansett godt fornøgd med dagen, dette skal vi gjera fleire gongar!

 

       

Tilbake