24. mai 2017 Udramatisk årsmøte

Litt forseinka har senterforeninga i Lindås senter gjennomført det årlege årsmøtet og det var nok på førehand ein del spenning knytta til informasjon – eller mangel på det same, rundt salget av senteret. No viste det seg raskt at det ikkje var nokon grunn til «engstelse», det sørga også representantar for dei nye eigarane for då dei presenterte seg for første gong i eit samla forum for senteret sine medlemmer.

 

No er framleis ikkje alle formalitetar i havn, men det går seg nok til og ein offentleggjering er nok ikkje langt unna trur vi. Det har versert mange rykter både om det eine og det andre rundt denne saka, og det er derfor bra at vi snart kan gå ut med ”fasiten”….det er uansett IKKJE Coop som no skal drifta senteret, så mykje kan vi vel sei!

 

Dei signal vi har fått frå dei nye eigarane, er positive men vi kan heller ikkje forventa at det vil skje store endringar straks. Lindås senter har fleire utfordringar som må løysast for å koma vidare frå der vi står i dag. Det handlar ikkje berre om å få inn fleire aktørar/butikkar men like mykje om strukturelle endringar for heile senteret. Skal vi bl.a. få liv på Lindåstorget, må det iverksetjast bygningsmessige endringar også, og det kan ikkje gjennomførast over natta.

 

Valg

I styret for Lindås senterforening 2017 blei Terje Foss (Trend) gjenvalgt som leiar. Olav Sylta (Bandabutikken) er nytt styremedlem (2 år) mens Jeanette Andås blei gjenvalgt for nye 2 år. Rune Marøy (Kiwi) og Janne Berger (Bandabutikken) var ikkje på valg og fortset eitt år til.

 

Det er for øvrig ganske mange personar som har sin jobb i Lindås senter, statistikken viser at her er rundt 115 totalt, då er både butikkar, offentlege etater og andre bedrifter tatt med. Ein betydeleg arbeidsplass med andre ord!

 

Senterleiar Karstein Vabø deler ut statuett til Line Seljelid

Årets butikk
Årsmøtet blei ellers avslutta med utdeling av ”Årets butikk ” for 2016, der Nr 1 Fitness ved Line Elisabet Nilsen Seljelid kunne henta heim trofé og blomar for å ha fått flest stemmer under avstemming via våre heimesider. 2015-vinnaren, Adorn, kjempa lenge om seieren, men måtte sjå seg slått med 28 stemmer til slutt!

Tilbake