13. jan 2017 Velkomen til VÅRSLEPP 2017!

Lindås Senter planlegg å gjennomføra det tradisjonelle Vårsleppet, laurdag 22.april 2017.  Vårsleppet er for alle og det kan gjerne vera stor variasjon på utstillarar, salgsboder, produkter eller tenester – enten det er profesjonelle aktørar eller meir på hobbybasis!  Det same gjeld også lag og organisasjoner som ønskjer å profilera seg eller ha aktivitetar!

Arrangementa går frå kl.10 til kl.15 og skal etter planen også innehalda den tradisjonelle Mininiarn – eit ”senterløp” for born som har vore arrangert sidan midt på 1990-talet.

Vårsleppet blir markedsført gjennom annonsering i lokalavis og gjennom sosiale medier.

INTERESSERT?

Har du eller ditt firma/organisasjon lyst å delta på Vårsleppet vil vi gjerna høyra frå dykk – ring hvis spørsmål!

PS. Det er GRATIS å delta!

Påmelding til senterleiar:

post@lindaas-senter.no

Telefon:  992 31 159

Tilbake